Me er på rask veg mot Dystopia. Katastrofelandskapet. Landskapet der mennesket utslettar seg sjølv og det meste av livet rundt seg. Kvifor? Fordi me konsekvent har avvist det motsette, det berekraftige menneskesamfunnet, som «urealistisk».


Me har dyrka lagnadstrua og fornekta at mennesket er eit veljande vesen. Fornekta at det går an å velja annleis i dag og i morgon enn det ein gjorde i går.


Jordboka II handlar om nettopp det, om å velja annleis. Om å velja naturen, mangfaldet, den evige fornyinga. Ja rett og slett livet.

Den første Jordboka gjorde molda til allemannseige. Jordboka II søkjer djupare ned i dei store løyndomane under oss, ned i naturen sine fantastiske gartnareigenskapar.


Men også vidare i ideane si verd, idear om nyskaping og endring, om nærleik og samspel framfor avstand og øydelegging. Idear me sårt treng i dag.


Og, ikkje minst, i dei nye naturnære dyrkingspraksisane. Dei som kan gje reelt håp til dei som kjem etter oss.


Den nye grøne revolusjonen rullar vidare. Den let seg ikkje stoppa!

Smakebitar frå Jordboka II:

Arbeidet startar i molda. Det er der me er tettast på naturen. Molda er nøkkelen til alt levande sin trivsel. Med å endra måten me forstår og brukar molda, kan veldig mykje anna endra seg. Frå å fjerna oss meir og meir frå naturen sine eigne verdiskapande prosessar, må me gå i motsett retning. Me må nærma oss desse, og etter kvart trø inn i og bli ein del av dei. Me må sirkulera ressursar og fornya. Naturen rundt oss og oss sjølve.


Me må inn i den kompostmoderne tida. Tida då det meste må setjast saman på nytt. Me tek den postmoderne fridomen med oss, men nyttar den no til å byggja framfor å øyda. Dette hamskiftet blir heilt avgjerande for planeten si framtid.

 

Frå gjenskaping til nyskaping

Natur verkar ikkje vertikalt, og store organismar er ikkje viktigare enn små. Når me likevel gir store betre vern enn små, så seier det meir om oss enn det gjer om natur. For mikrolivet kollapsar den vertikale næringskjedetanken. Dei riv oss ned frå pidestallen me har sett oss sjølve på.


Vel nede frå denne, ser me samanheng, evig omdanning og fornying, liv som skaper vidare. Sirkelen er slik sett eit mykje meir presist symbol enn næringspyramiden. Skal me lukkast med å koma «nærare naturen», og sikra at planeten overlever i nokolunde den tilstand den er i no, må me læra å sjå oss sjølve som del av livssirkelen. Midt i nettverket natur. Saman med alle andre former for liv.


Ingenting blir eigentleg borte

Brått er eg tilbake som snøengel på den irrande grøne bakken. Kjenner på at livet framleis er til stades i rikt monn. Kanskje rikare enn på veldig lenge nett her – ettersom denne hagen no blir forvalta med det å byggja liv både under og over bakken som hovudmål. Gras, grønsaker, poteter og blomar som veks og trivst utan noko form for tilført lettoppløyseleg næring, er dei visuelle uttrykka for at målet er nærare. 


Over meg boblar det av vår på alle kantar. Under meg fosskokar det. På ubegripeleg vis. Og her ligg eg. I midten. Ikkje rart at eg kjenner energien flyta gjennom kroppen. Gaia sine aller mest livgivande prosessar skjer no bokstaveleg tala under heile meg. Dette må då vera både heilande og styrkande! Eg kjenner på respekt. På takksemd. På glede. Glede for å vera ein integrert del av Gaia, glede for at ho omsluttar meg, tek meg i mot.


Mikrovår

Det er minst like snevert for oss å tru at vårt perspektiv på verda korresponderer med «den verkelege realiteten» som det er for myggen å tenkja det same, seier Nietzsche.


Dette er ei enkel, men genial betraktning. Alle artar går med skylappar. Me er alle hemma av våre eigne snevre perspektiv på kva liv og natur er. Når ein art blir stor og mektig nok til å påtvinga alle andre sitt perspektiv, skapest ein livsfarleg ubalanse. Det er der me er i dag. Me tvingar planeten til å dansa etter vår pipe. Den er på veg til å kollapsa under denne tvangen.

 

Gaias mystiske, bankande hjarte

Molda held på ein løyndom, ein løyndom me er i gang med å avdekkja, men som me berre så vidt byrjar å ana konsekvensane av. For der soppen er Kong Karbon, er bakteriane Dronning Nitrogen. Verdas totalt sett vanlegaste levande organismetype, jordbakterien, er også verdas mest nitrogenhaldige organisme!


I levande og frisk mold, er røtene til kvar plante på planeten vår fullstendig dekka og omgitt av den mest nitrogenhaldige organisme me kjenner. Med andre ord: verdas største terrestrielle kjelde til nitrogen finst i molda allereie, og det på og ved planterøtene. Desse er der frå naturen si side. Heilt gratis.

 

«Gjødsel». Om avhengige og uavhengige variablar i den levande molda

I komposthaugen møter me dei same prosessane som har verka, verkar og vil verka rundt oss til alle tider, dei for evig fornyande kreftene som sørgjer for at livet alltid er ungt. Det å kompostera er å få inngåande innblikk i og nærleik til den enorme krafta i naturen sine omdanningsprosessar. Det er å kunna styra desse kreftene inn mot våre eigne mål. Og for ein gongs skuld er ikkje våre mål i strid med andre artar sine. Når me komposterer er me menneske faktisk nyttige i naturen. Tygg på den! Det å produsera ny, levande mold, planetgull, frå organisk «avfall», tener absolutt alt levande.

 

Inn i den kompostmoderne tida

Kunnskapen me sit på i dag, kan summerast opp i to overordna punkt:


A: Når me hindrar naturen i å gjera jobben sin, blir molda kjelde til karbonutslepp, ikkje til karbonfangst.


B: Som tiltak er karbonfangst i mold å leggja aktivt til rette for at naturen kan få gjera jobben sin.

 

Molda som klimaløysing

ADRESSE:

Forlaget Nyskaping

Bogsdalsvegen 131

4364 Sirevåg

Email: post@jordboka.no

Den nye og framveksande kunnskapen om dei produktive samspela mellom mikroorganismane i molda og plantane, gir oss menneske ein eineståande sjanse til å finna ei verkeleg byggjande rolle i naturen. For første gong på veldig, veldig lenge, finst det eit både produktivt og naturnært alternativ til det øydande industrielle produksjonsregimet.


Det naturnære jordbruket har rom for langt fleire hender. Det skrik etter fleire hender. I den store åkeren og i det vesle bedet. Karbonet skal ned att der det kjem frå. Livet skal starta på nytt. Mat skal dyrkast slik at livet i molda blir styrka, ikkje svekka.


Nærare eller fjernare?


 Copyright @ Dag Jørund Lønning