Dag Jørund Lønning:

Jordboka II

Nærare naturen

Inn i det kompostmoderne

Boka som viser veg ut av forbrukarsamfunn og industrilandbruk 

- og inn i den naturnære, kompostmoderne framtida

Moder Jord, Mother Nature, Jörð, Terra Mater, Pachamama, Gaia. Kjær mor har mange namn. Mange fleire enn dei kjende som er lista her. Ho – livgjevaren – dukkar opp i mange av verdas religionar og idésystem, og minner oss om at natur først og fremst er samanheng. At øydelegging av delar over tid øydelegg heilskapen.


At samtidsmennesket synest å ha gløymt dette, har sett planeten i alvorleg fare.  


Molda er livet si aller viktigaste kjelde. Her er det på sitt mest intense, her bankar Gaias hjarte sterkast. Den viktigaste kampen for framtida vil står her.


Dette er kampen mot reduksjonismen, mot dei som vil byta ut naturen sitt mangfald med gift og monokultur. Dette er kampen for å vinna heilskapen og samanhengen tilbake. For å erstatta avstand med nærleik, for å gje mennesket ei produktiv rolle i naturen.


Dette er ei bok om å bytta side. Om å gå på lag med Gaia. Før det er alt for seint.

- I det tradisjonelle bondesamfunnet komposterte me fordi me måtte bruka alle tilgjengelege ressursar for å overleva.


- I det moderne industrisamfunnet skulle me «kvitta oss med den gamle driten». Gift og kjemisk framstilt gjødsel fortrengde det organiske og naturnære.


- I det postmoderne vart me individualiserte forbrukarar. Bruk og kast rådde. Me skulle gjera det me var interesserte i og hadde lyst til.


- I den kompostmoderne framtida må me igjen kompostera. For å redda planeten og livet i molda. Å kompostera er å setja saman på nytt.  Alt må no setjast saman på nytt. Også forholdet vårt til naturen.

Omdanning

Regenerativt. Frå latin, regenerare. Fornying!


Framtidsjordbruket er regenerativt. Det er eit jordbruk som fornyar, som byggjer mold framfor å utarma den.


Det er eit jordbruk for fleire hender og meir trivsel, eit jordbruk for leikande og skapande menneske.

Deltaking

Ein kan øydeleggja det som ligg utanfor ein sjølv, ikkje det ein sjølv er del av.


Me treng definisjonar av natur som inkluderer oss og gir oss produktive, naturbyggjande roller.

Nyskaping

Frå djupdykk i Nietzsche sine frigjerande tankar, til høgproduktiv grønsakdyrking med naturen som gartnar.


Frå roseplanting i kvist, til dans og  karbonfangst.


Frå kompostering som filosofi og praksis, til kva me kan læra av den vesle bakterien i molda.

Alt planten treng av næringsstoff finst i molda frå før av.


Det skal vera tre gongar så mykje karbon i molda som i atmosfæren.


Plantane og mikroorganismane veit dette. Mennesket må læra det.



Jordboka II - boka som redefinerer forholdet mellom menneske og naturen!

ADRESSE:

Forlaget Nyskaping

Bogsdalsvegen 131

4364 Sirevåg

Email: post@jordboka.no

 Copyright @ Dag Jørund Lønning