"Det aller meste me har gjort, tenkt og trudd om å dyrka jorda og om kva mold er og gjer, har vore feil og øydeleggjande. Det aller meste må forandrast. Mennesket veit eigentleg uhyre lite."

 

Dag Jørund Lønning i Jordboka

 

Me menneske lever tett på molda. Me for å overleva. Om me vil det eller ikkje. Enkeltmenneske og grupper av menneske kan setja mykje inn på å fjerna seg frå matjorda. Men dei er nett like avhengige av den likevel.

 

Jordboka er historier om menneske og mold. På godt og vondt. Gjennom ei rekke kortare og lengre essays utforskar forfattaren kva mold eigentleg er, korleis me menneske forstår og brukar mold, og, ikkje minst, kva molda kjem til å bety for oss i framtida.

 

Draumen om å bli ein del av naturen er like gammal som mennesket. På grunn av ny kunnskap om det fantastiske universet under føtene våre, anar me no - kanskje for første gong nokosinne - korleis denne draumen kan gjerast verkeleg. Jordboka fortel om den komande grøne revolusjonen, den som kan koma til å endra både landbruk, hagebruk og forholdet mellom menneske og natur for all framtid.

 

 

Korte utdrag frå boka (med tittel på essayet utdraget er henta frå):

Vår overleving er fullstendig avhengig av denne neven med mold. Ta godt vare på den, og den vil gje oss mat, drivstoff og tak over hovudet. Samt få glede og venleik til å veksa rundt oss på alle kantar. Misbruk den og molda vil kollapsa og døy. Og mennesket vil døy med den.

 

Vedas Sanskrit Skrifter – 1500 BC

 

Under føtene våre finst det eit univers av liv som er så storslagent at det sprenger rammene for kva me er i stand til å fatta og forstå. Eit univers som på det næraste er ukjent for oss menneske, men som likevel er den viktigaste grunnen til at me, og våre mange medskapningar, kan leva på denne planeten. Denne boka handlar om mold.

 

Frå "Rett under oss, men fjernt frå oss"

"Liv skaper enno meir liv, og gjer skit om til mold.

 

Skit er kjemi: individuelle partiklar, mineralar og element – nitrogen, kalsium, fosfor, kalium.

Mold er biologi: bakteriar, sopp, protozoa, nematodar, meitemakk, reproduksjon, vekst, liv.

 

Det å få mat til å veksa i skit, er hovudsakleg eit spørsmål om den rette kjemiske blandinga og den rette porsjoneringa. Det å få plantar til å veksa i mold, derimot, handlar om å få biologien på plass.

 

Det å gjera skit om til mold kan ta tid, men det treng ikkje vera vanskeleg. Det å gjera mold om til skit, derimot, er både raskt og enkelt. Berre følg denne oppskrifta: Pløy. Tilsett kjemikaliar. Miks godt. Repeter."

 

Frå "Den ukjende miljøtrusselen"

«Grøne fingrar» er det noko som heiter. Ingen har heilt klart å forklara kva dette er, kvifor den eine får plantane til å gro og den andre ikkje, sjølv om dei tilsynelatande gjer det same båe to. Far min hadde slike fingrar. Kanskje handlar det om innleving, kanskje handlar det om å sjå mold som meir enn medium? Kanskje uttrykkjer fingrane i molda dette?

...

Han likte betre å gå enn å køyra på molda. Ofte stoppa han den vesle traktoren. Steig ut. Tok fram grevet og grov.

 

I det siste sterke minnet eg har om far min, ein gong sist på nitti-talet, står han også midt i åkeren. Denne gongen i ein åker av tulipanar, ein åker han sjølv har skapt på sine veldig gamle dagar. Det er fargar over alt.

 

Fargar, det vakre, er viktig for menneske. Me er meir enn berre mage. Jorda og molda har så mykje meir å gje enn berre fiber.

 

Ei neve mold kan minna oss menneske om vårt ansvar for det som er rundt oss. Den same neven kan vera opphav til djup refleksjon over kvar me kom frå, kven me er, kvar me skal.

 

Også no syng han. Stemma er litt svakare, men enno vakker. Han er der han helst vil vera. Midt i verda, med jord under seg og rundt seg. Mold på alle kantar.

 

Frå "Far min. Bonden"

 

Det kunnskapen om livet og næringskjeda i molda får oss til å forstå, er at det rett og slett hjelper lite å kunna skryta på seg å vera meir intelligent enn ein nematode eller ein meitemakk.

 

Det er samanheng som gjeld der nede, og når me blir nærare kjent med den intelligente samanheng både desse to nemnde moldvesena, og så utruleg mange andre småkryp, inngår i, må me menneske strekka våpen. Også om me er Stephen Hawking eller Albert Einstein.

 

Naturen sitt eige system for næringsbalanse i molda er langt meir balansert, produktivt, intelligent og sofistikert enn noko me menneske har kome opp med eller nokosinne vil evna å koma opp med.

 

Frå "Litiluism. Mennesket veit lite"

Dei har utvikla garden som både er uhyre inntektsgjevande, fellesskapsdannande, klimapositiv og moldbyggjande, og har minimale kostnader. Alt på ein gong. Kanskje er dette den mest produktive gard i verda.

 

Elizabeth og Paul står i spissen for eit fundamentalt skifte. Den verkelege grøne revolusjonen. Det dei gjer er nytt. I hundrevis, ja tusenvis, av år, har me streva etter stadig meir effektiv teknologi for å kunna pløya raskare og djupare, gjødsla meir. Men det me har gjort, er gradvis å utarma jordsmonnet. Me har øyda.

 

Me har heller ikkje vore flinke til å nytta oss av dei produktive kreftene som alt eksisterer i molda.

 

Denne vesle garden i det nordlege California er ein av stadig fleire som viser at landbruk kan gjerast på ein både langt enklare, og, ikkje minst, meir effektiv og produktiv måte.

 

Frå "Å leve av mikrobar. Eit møte med det høgproduktive framtidslandbruket"

 

 

Framtidslandbruket må byggjast på ei heilt sentral erkjenning, held ho fram, og det er at manglande grøde nesten aldri skuldast mangel på tilgjengeleg næring, men mangel på liv i molda som kan omsetja næringa til ei form plantane kan ta opp.

 

Frå "På lag med mikrolivet"

"Djevelen er ein ivrig økonom. Det er han som står bak alle planar om produksjonsauke med lånte pengar. Han har ei grenselaus tru på teknologi. Det er han som driv sivilisasjonar «oppover» og «framover», heilt til dei kollapsar under si eiga vekt..

 

Å ignorera djevelen er å gå rett i den fella han har sett opp. Meir teknologi, meir intensiv bruk. Større og større, færre og færre einingar skal redda oss alle. I staden skyt nedgang og elende fart."

 

Frå "Alt det ein ikkje ser når ein går med nasen i sky"

For første gong på mange tusen år, sannsynlegvis for første gong nokosinne, har me lært oss å byggja natur framfor å øyda den.

 

For det er det me gjer når landbruket bitt og fikserer karbon. Byggjer natur. Karbon er byggesteinen for alt liv. Når den er i molda, vel å merke.

 

Der eg står i åkeren med dei fleirårige kornvekstane og betraktar måleinstrumenta med dei fantastiske tala, kjenner eg at eg får gåsehud. Og det trass den sterke varmen. Det snører seg til i halsen og vætast i augo. Denne gjengen har klart det. Klart å utvikla eit høgproduktivt landbruk som faktisk fangar langt meir karbon enn det slepper ut. Eg er direkte vitne til noko som kan bli uhorveleg stort, noko som kan bli eit vesentleg bidrag til å berga planeten og gje oss alle ei berekraftig framtid.

 

«Matproduksjon kan aldri bli klimanøytralt», skreiv Nationen på leiarplass 20 juni 2017 som kommentar til Miljøvernminister Helgesen (H) si då nyleg framlagte klimamelding. Dette er ikkje berre svært pessimistisk, det er direkte feil.

 

Frå "Djupe røter"

Det å aktivt byggja levande mold, og dermed styrka jorda si evne til karbonlagring, har potensiale i seg til ikkje berre å redusera klimaendringane, men faktisk reversera dei.

 

Klarar me å auka lagringa av karbon i molda med 0,4 prosent pr. år i dei øvste 30 – 40 centimetrane med matjord, er dette nok til å stoppa auken av karbondioksid (CO2) i atmosfæren.

 

Og det er ikkje berre klimaet som vinn. Meir karbon i jorda betyr meir mat til mikroorganismane, som betyr meir næring til og mindre sjukdom for planten, som betyr langt større produktivitet, fruktbarheit og betre økonomi for bonden.

 

Frå "Å øyda mold gjer planeten vår varmare. Å byggja mold kjøler den ned att"

Mold er det einaste på denne planeten som kan gjera daude om til liv. Mold har den eigenskap me menneske har tilskrive det guddommelege.

 

Frå "Den guddommelege materien"

ADRESSE:

Forlaget Nyskaping

Bogsdalsvegen 131

4364 Sirevåg

Email: post@jordboka.no

Copyright @ Dag Jørund Lønning