Kunnskap om mold er kunnskap om det å vera menneske. Møtet med molda har rett og slett gjort meg godt. Den nye kunnskapen om kva mold er og kva mold kan gjera for oss, har fylt meg med glede, entusiasme og pågangsmot.

 

Dag Jørund Lønning i Jordboka

Jordboka er retta mot eit breitt publikum. Den er både filosofisk og veldig konkret samtidig.

 

Boka eignar seg like godt som kjelde til stille refleksjon som til høgtlesing.

 

Essaya har varierande lengde. For å få mest mogleg ut av boka, tilrår forfattaren å lesa essaya i den rekkefølge dei står.

 

PROLOG:

 

Rett under oss, men likevel fjernt frå oss

Kva er eigentleg mold, og korleis behandlar me menneske molda?

 

BOLK I: MOLD ER LIV, SAMSPEL, FRIDOM

 

Det kolossale universet me ikkje ser

Om uhyre små og VELDIG store kryp og om kva dei held på med

Alkymi

Mennesket si jakt på Dei Vises Stein starta langt tilbake i historia. Men kanskje har den vore nær oss heile tida?

Om korleis det eigentleg er der nede i molda

For å forstå det ekstreme livet nede i matjorda, må me menneske ein tur inn i jungelen

Den guddommelege substansen

Mold er det einaste på planeten vår som kan gjera daude om til liv. Er me i ferd med å gjera dauden til noko unaturleg?

Kva var løyndomen bak Edens Hage?

Kva handlar den urgamle skapingsmyta eigentleg om?

 

Mold på menyen

I store delar av verda er det vanleg å eta jord. Kvifor?

Fridom

Om den unge familien som flyttar inn på sitt første småbruk, og får kjenna på den djupe gleda det er å vera menneske når jorda angar og rugda trekker over hustaket

Far min. Bonden

Ei historie om inspirasjon, grøne fingrar og om korleis mold kan tenna ein menneskeleg brann

Sjakkbrettlandskapet

Ei reise gjennom eit av verdas vakraste landskap. Der gjennomsnittsgarden enno er på 7 mål, men likevel evnar både å fø ein familie og å skaffa pengeinntekter

 

BOLK II: MENNESKET SINE ÅTAK PÅ MOLDA

 

 

Mennesket og naturen

Miljørørsla har vore uhyre viktig for å gi natur eigenverdi i menneskelege auge. Med det finst eit univers av liv denne rørsla ikkje har sett. Det største

Ei historie om øydelagt prærie

Om korleis den mest produktive molda i verda effektivt har blitt og blir øydelagd

Å pløya er å øyda

Om det me helst ikkje ønskjer å snakka om: at menneskeskapte klimaendringar og utarming av molda starta alt for 10 000 år sidan. Då den første plogen vart sett i jorda

Jordvern?

Er jordvern og arealvern det same? Eller handlar jordvern også om korleis me behandlar jorda?

"Vekstmedium"

Ein tur på eit moderne hagesenter. Her var det ikkje mykje liv i molda, gitt. Ei trist historie, eigentleg..

Den ukjende miljøtrusselen

Me har øydelagd nesten 40% av verda si matjord på 40 år. Alt medan befolkninga stig. Øydeleggingane held fram med rekordfart. Me har få tiår att med landbruk på denne planeten. Kva tid skal det snu?

 

Forbrukarsamfunnets bibel

 

Om Framsteg og Utvikling, og det ideologisk konstruerte behovet for å venda molda ryggen

Å dykka ned i driten. Ei kort kulturhistorie

Mold i kosmologi, etymologi og kultur. Om korleis barnet som leikar i molda etter kvart blir vaksen, og gjer det meste for å unngå å bli skiten

 

BOLK III: DEN NYE GRØNE REVOLUSJONEN

 

Å øyda mold gjer planeten vår varmare. Å byggja mold kjøler den ned att

Om korleis landbruket kan gå frå å vera versting til å bli den viktigaste løysinga i kampen mot klimaendringane

På lag med mikrolivet

Om korleis det me no veit om mikroorganismane i molda snur absolutt alt på hovudet

Djupe røter

Om eit lite institutt som vil revolusjonera matproduksjonen i verda, og er på god veg til å gjera det

Å leva av mikrobar. Eit møte med det høgproduktive framtidslandbruket

Dei økonomisk kanskje mest produktive bøndene i verda, verken pløyer, luker, gjødslar eller sprøytar. Dei spelar på lag med mikrolivet i molda

Grønt skifte

Om samspelet i naturen som ramme for menneskeleg handling og verdiskaping

 

EPILOG:

 

Litiluism. Mennesket veit lite

Eigentleg veit me ingen verdens ting. Det meste av det me har tenkt og trudd om molda har vore feil. Det meste av det me har gjort har vore øydeleggjande. Me lyt rykka tilbake til start. Men, på den andre sida, no er det bruk for oss alle, og ikkje berre teknologane og «ekspertane».

 

 

ADRESSE:

Forlaget Nyskaping

Bogsdalsvegen 131

4364 Sirevåg

Email: post@jordboka.no

Copyright @ Dag Jørund Lønning