Landjordas største, rikaste og viktigaste økosystem, den levande matjorda, er alvorleg truga. Fordi mennesket har behandla skjørt liv som om det var daud materie. Globalt går areal tilsvarande 30 fotballbanar ut av produksjon pr minutt.


Men håpet er der likevel. Ein ny generasjon hagedyrkarar, jordbrukarar og miljøaktivistar utviklar no måtar å dyrka mat på der menneske og natur samarbeider. Der menneske går frå å øydeleggja til å byggja mold.

Innhald Jordboka II

I: Frå gjenskaping til nyskaping

Mennesket har tvinga sine mål og sin vilje på heile den ikkje-menneskelege verda, og planeten kneler under denne tvangen. 

 

Korleis kom me dit? Og korleis kjem me vidare?

II: Korleis «definera» det som ikkje kan definerast?

Kva er eigentleg natur? Og kva er den avgjerande skilnaden på natur og ein sykkel?

III: Ingenting blir eigentleg borte

Alle val har konsekvensar, men me har blitt lært opp til å oversjå dei. Kva skjer når me byrjar å reflektera litt meir over våre eigne val; i naturen, i ferskvaredisken, på traktoren?

IV: Mikrovår

Våren eg ser rundt meg er ingenting mot den som er under meg. Berre under veslefingeren min, her eg ligg utstrekt på bakken, er det dyreliv nok til å «grusa» sjølvaste Serengeti..

V: «Gjødsel». Om avhengige og uavhengige variablar i den levande molda

Eit nederlandsk ordtak seier at gjødsel er bra for far, men dårleg for sønene. Trur me verkeleg at me er meir effektive gartnarar enn Gaia sjølv? Vel, i så fall lyt me tru kraftig om igjen..

VI: Gaias bankande, mystiske hjarte

Kva kan den vesle bakterien i molda fortelja oss om naturens viktigaste prinsipp?

VII: Har natur vilje?

Definitivt! Sterk vilje og. Natur vil meir og meir mangfald. Når me menneske vil monokultur i staden, ligg det meste til rette for øydelegging og konflikt.

VIII: Det gamle og det nye

Det lever eit minne under den dekkande mosen på skogbotnen. Om ein forteljande far og ein liten gut i lusekufte.

IX: Inn i den kompostmoderne tida

Når me komposterer byggjer me naturen sin viktigaste byggjestein. Frå komposten hentar eg og namnet på den naturnære framtida. Og korleis lagar me då eigentleg god kompost?

X: Tørkesterke kjendisgrønsaker

Historia om «jordbokgrønsakene» som vaks i mange veker utan vatn i den tørraste sommar nokosinne. Og som kom på Dagsrevyen etterpå..

XI: Då leiken og det vakre forsvann

Kan me vinna leiken tilbake til molda? Kan roser veksa seg store i rein kvist? Kan me dansa oss til ny erkjenning? Kan me rett og slett gjera molda spennande og attraktiv att?

XII: Det nesten uunnverlege mikroskopet

Kva er eigentleg god og produktiv mold? Korleis lagar ein kompost-te? Og rovdyruttrekk? Mikroskopet gir oss svara. Den store, tunge maskinen kan unnverast. Mikroskopet kan det ikkje!

XIII: Samspelet på dei grøne slettene og korleis dette kan nyttast i matproduksjonen

Dei store flokkane med ville bison dundrar over prærien. Bak dei kjem ein ulveflokk. Det er som jordskjelv. Men så vert det brått stilt. Og kva har skjedd? Jo, det er bygd ny mold! «Ja vel», tenkte dei regenerative pionerane, «kanskje me kan bruka desse prinsippa til å etablera eit naturnært, dyrevennleg og høgproduktivt husdyrhald»?

XIV: Den naturnære kjøkenhagens comeback

Dei blir stadig fleire, dei nye dyrkarane. Dei kjem til over heile verda. Og dei fleste kjem frå utanfor den tradisjonelle landbrukssektoren. Dei utfordrar ikkje berre industrilandbruket, dei utfordrar alle våre etablerte idear om kva jordbruk og matproduksjon er.

XV: Molda som klimaløysing

Alle rekneskap har ei inntektsside. Også klimarekneskapen. Me kan alle bidra til å fylla opp denne. Potensialet er veldig stort. Enkle endringar vil ha store effektar. Det er eigentleg berre til å setja i gang.

XVI: Nærare eller fjernare?

Utfordringa er enorm: det er sjølve synet vårt på natur som må endra seg. Men håpet er der, likevel. Den nye grøne revolusjonen veks seg stadig sterkare. Blir den til slutt ei kraft som ikkje kan stoppast?

ADRESSE:

Forlaget Nyskaping

Bogsdalsvegen 131

4364 Sirevåg

Email: post@jordboka.no

 Copyright @ Dag Jørund Lønning